Gå videre til innhold
Foto av Agnes Ravatn. Fotograf: Lars Myhren Holand
Foto av Agnes Ravatn. Fotograf: Lars Myhren Holand

Pressemelding -

Agnes Ravatn nominert til britisk krimpris

Agnes Ravatn er på kortlista til gjeve Petrona Award for den engelske utgåva av Fugletribunalet, The Bird Tribunal, omsett av Rosie Hedger. Petrona Award vert delt ut årleg til «Best Scandinavian Crime Novel of the Year». Ho er nominert saman med m.a. Gunnar Staalesen og Leif G.W. Persson. 

Ravatns gjennombrotsroman Fugletribunalet fekk svært god mottaking då ho vart vart lansert i Storbritannia i fjor haust. I Noreg vart boka lansert som eit kammerdrama då ho kom ut i 2013, medan den engelske utgåva vert selt som ein psykologisk thriller og nordic noir. 

I tillegg til god kritikk går The Bird Tribunal også som opplesningsserie på BBC under programposten ”Book at Bedtime”.

Rettane til Fugletribunalet er no selt til sju land: Litauen, Russland, Storbritannia, Danmark, Serbia, Tyskland og Tyrkia. Boka sel svært godt også til heimepublikum og det norske opplaget er no oppe i 37 000. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO