Gå videre til innhold
Ravatn vart også tildelt Bokbloggarprisen i 2013, for romanen «Fugletribunalet».
Ravatn vart også tildelt Bokbloggarprisen i 2013, for romanen «Fugletribunalet».

Pressemelding -

Agnes Ravatn vinn Bokbloggarprisen for andre gong

Forfattaren er med det den fyrste til å vinne prisen to gonger, no for romanen Dei sju dørene.

«Ravatn skriver med intelligens og humor, hennes satiriske skråblikk som vi kjenner fra de andre bøkene hennes, er absolutt tilstede», lyder grunngjevinga frå bokbloggar Tine Sundal. Ho er ein av mange bokbloggarar landet rundt, som har nominert sine favorittbøker frå 2019.

Bokbloggarprisen har sidan 2013 blitt delt ut av norske bokbloggarar, som ein «demokratisk og uavhengig litteraturpris». Prisen har som eit uttalt hovudmål å kaste lys over eit utval av fjorårets bøker innanfor tre kategoriar: skjønnlitteratur, sakprosa og barn og ungdom – og med det gje forfattarar utvida merksemd.

Ravatn gjekk sigrande ut også i 2013, då med romanen Fugletribunalet som lesarfavoritt.

Årets prisvinnar er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit. Romanen hausta god kritikk ved lansering, blant anna i Adresseavisen, der Ole Jacob Hoel trilla ein sekser, og slo fast at Dei sju dørene var «en imponerende god roman».

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og prisbelønte bøker, blant anna romanen Fugletribunalet (2013), som har gjort suksess både som bok og teater, og som er seld til mange land. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. 

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO