Gå videre til innhold
Alfred Andersson-Ryssts pris 2015 går til Eivør Pálsdóttir

Pressemelding -

Alfred Andersson-Ryssts pris 2015 går til Eivør Pálsdóttir

Alfred Andersson-Ryssts pris går i år til Eivør Pálsdóttir, songar og komponist frå Færøyane.

Prisen går annakvart år til ung, lovande nynorskforfattar, og annakvart år til personar eller prosjekt som aukar kultursamarbeid mellom Norge og Færøyane eller Norge og Island.

Juryen seier dette om prisvinnaren:

"Eivør Palsdóttir har løfta fram det færøyske internasjonalt, og særleg på Island og i Norge. Ho har også lokka norske og andre utanlandske musikarar til Færøyane for plateinnspeling og fjernsynsopptak. Ho er ein av fleire dyktige yngre musikarar frå eit øysamfunn med mindre enn 50 000 menneske, ein framifrå ambassadør for både tradisjon og ny skaparkraft i færøysk kulturliv.

Det er ein nytelse å høyre henne, både på norsk og færøysk. Og fordi ho bidrar så sterkt til å løfte fram færøysk kultur og norsk-færøysk-islandsk samarbeid, får ho årets pris frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts og hustru Solveigs fond. Prispengane er på veg inn på kontoen hennes, og diplomet blir overrekt av juryen under ein konsert Eivør Pálsdóttir har i Bakgården i Arendal 10. juni."

Juryen har vore Jan Kløvstad, Durita Brattaberg og Ottar Fyllingsnes.

Prisen har blitt delt ut sidan 1959. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Olav H. Hauge, Jon Fosse, Maria Parr, Brit Bildøen, Aina Basso og Agnes Ravatn.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 23.april.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO