Skip to main content

Alfred Fidjestøl med barnebok om 40-årsjubilanten Julius

Pressemelding   •   sep 04, 2019 08:30 CEST

Alfred Fidjestøl barnebokdebuterar med Som ein bror, ei sakprosabok om det dramatiske livet til sjimpansen Julius. 

Midt på natta mellom første og andre juledag 1979 blei det fødd ein liten sjimpanse i ein dyrepark i Kristiansand. Han heitte Julius og skulle få ein vanskeleg start på livet. Mora avviste han, og til slutt måtte Julius flytte inn hos to menneskefamiliar.

Men korleis går det eigentleg når ein sjimpanse flyttar inn til menneska? Dette er den sanne historia om Noregs største dyrekjendis.

Som ein bror kjem ut samstundes som Fidjestøls Julius-biografi frå 2017 Nesten menneske blir lansert i USA, Canada, England, Storbritannia og Australia, og russisk og kinesisk versjon er undervegs. Verdas fremste ekspert på sjimpansar Jane Goodall er mellom dei som har late seg begeistre av boka, og har sagt at den er: "Joyous and heartbreaking".

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk, blant anna den kritikarroste Julius-biografien Nesten menneske. Som ein bror er Fidjestøls første sakprosabok for barn. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.