Gå videre til innhold
Are Kalvø på scenen
Are Kalvø på scenen

Pressemelding -

Are Kalvø med ny bok

LANSERING: BIKUBEN PÅ DET NORSKE TEATRET 13.10. KL 17.30

Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til fleire komiprisar og til Hedda-prisen.

I den nye boka "Are Kalvø på scenen" kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse og russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. Her er høgdepunkt frå revy- og standupverksemda samla for første gong. I tillegg får du tekstane frå Norge–Brasil, ein fotballopera, frå Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake og frå Halve kongeriket. Norsk politikk – the musical.

Boka er rikt illustrert med bilete frå framsyningar, avisutklipp og private bilete.

Dette er garantert det næraste du kjem ein sjølvbiografi av Are Kalvø.  

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO