Gå videre til innhold
Arnhild Skre aktuell med "Kald krigs kviskring"

Pressemelding -

Arnhild Skre aktuell med "Kald krigs kviskring"

Nytt blikk på etterkrigstida

«Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.»

Slik tenkte historikaren Arnhild Skre lenge om barndommen sin i 1950-åra. Men no, med barndommen på avstand, har ei uro slått inn og skapt tvil. Kanskje levde ho også ein kaldkrigsbarndom?

Norsk NATO-medlemskap frå 1949. Frykta for atombomba. Koreakrigen 1950–1953. Kommunistjakt. Cubakrisa i 1962. I denne nyskapande og velskrivne essaysamlinga utforskar Skre korleis desse hendingane var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen.

I Kald krigs kviskring blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til forteljingar om kvardagslusking, forteiing, angst for atomkrig. Og om ein kaldkrigsmentalitet som velta rundt på norsk daglegliv og kultur. 

Arnhild skre (f. 1952) er norsk journalist, forfattar og historikar. Ho har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien om Hulda Garborg. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO