Gå videre til innhold
Arnhild Skre skal skrive biografi om Theodor Kittelsen

Pressemelding -

Arnhild Skre skal skrive biografi om Theodor Kittelsen

Journalist og forfattar Arnhild Skre har gjort avtale med Det Norske Samlaget om å skrive biografi om kunstnaren Theodor Kittelsen. Boka kjem til Grunnlovsjubileet i 2014.

I 2014 er det 100 år sidan Kittelsen døydde, berre 57 år gammal. Skre vil i boka sjå på korleis Kittelsen har prega bildet vårt av ”det norske”. I tillegg til å ta for seg Kittelsens dramatiske livssoge, vil ho undersøke kvifor bilda hans er blitt så sterke nasjonale ikonar og psykologiske visualiseringar av den norske angsten, lengselen og lykka.

Skre er fascinert av Kittelsens gjennomslagskraft: -Kvifor lever desse bilda framleis og er felleseige, trass i at han heldt det norske samfunnet på stor avstand?

Skres siste bok, biografien om Hulda Garborg (Samlaget 2011) var ein stor suksess, og vann mellom anna Bragepris for beste biografi.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO