Gå videre til innhold
Atle Hansen aktuell med "Klure"

Pressemelding -

Atle Hansen aktuell med "Klure"

Lettlesen og spennande bok for mellomtrinnet!

«Kva er ei klure?» spør eg.
«Ein som klurer til alt mogleg.
Ein som ikkje får til noko med hendene.
Ei kløne, ein slik som deg, Jensemann», seier pappa og ler.

Jens er ei kløne. Stundom tenkjer han at han er den minste som finst. Særleg når han blir plaga av Magnus. Då blir det bråk. Til slutt blir det nesten ein kamp på liv og død. Men Jens kan noko nesten ingen veit om. Han kan syngje.

Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Sin litterære debut fekk han i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. I 2002 kom den første boka for vaksne, Sargasso. Oppvekstromanen Som ein engel (2005) følgde opp dei gode meldingane. Hansen er likevel mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge han har på samvitet, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008) og Den svarte oksen (2009).

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO