Skip to main content

Barnebok frå suksessforfattar Elena Ferrante!

Pressemelding   •   aug 17, 2017 09:00 CEST

Elena Ferrante med barnebok! 

Celina er favorittdokka til Mati. Ein dag dei leiker på stranda, får Mati ein kattunge av faren. Ho blir så oppslukt av den at ho gløymer å ta Celina med heim. Celina blir etterlaten på stranda om natta, i selskap med trugande vesen som Bademeister Grusom og Store Rive med dei skumle tennene av jern. Etter nattas mange farar blir Celina uventa løfta opp frå sanden. Det er kattungen som har sprunge ut for å finne henne.

Natt på stranda er ei illustrert historie fortald av dokka Celina. Dei nattlege opplevingane byr på møte med sterke, grunnleggjande kjensler som sjalusi, frykt og kjærleik. Ei bok for Ferrante-fans i alle aldrar.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Boka har lanseringsdato 23.08.17

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy