Gå videre til innhold
"Betzy Kjelsberg - feminist og brubyggjar"

Pressemelding -

"Betzy Kjelsberg - feminist og brubyggjar"

Ei historie om mot, vilje til endring og solidaritet

Kjenner du til heile Noregs Betzy? Ikkje det? Dette er då din sjanse til å stifte bekjentskap med ein av pionerane innan den norske kvinnerørsla!

I denne biografien følgjer vi Betzy Kjelsberg som ei av dei første kvinnene i bystyret i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som ein aktiv representant for Norge både på internasjonale arbeidskonferansar (ILO) og i Det internasjonale kvinnerådet (ICW).

- Det som har imponert meg mest, er korleis ho greidde å kombinera dei ulike rollene, som ein aktiv kvinnesaksforkjempar og som statens representant som vann respekt hos både arbeidarar og arbeidsgivar når ho stilte krav til arbeidsmiljøet i bedriftene, seier Folkvord.

Som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i landet sette Betzy Kjelsberg seg i respekt hos arbeidsgivarane og vann tillit hos arbeidarane. Ho gjorde ein stor innsats for å betre arbeidsforholda og arbeids miljølovgivinga i industrien, for åttetimarsdag og lønt fødselspermisjon, og mot barnearbeid og overtid.

Og om det ikkje var nok så var Kjelsberg også aktiv feminist, kvinneorganisator og politikar. Ho stifta mange kvinneorganisasjonar og var i partiet Venstre den første og einaste kvinna i landsstyret frå 1918 til 1938. I 1928 var det mange som etterlyste ei kvinne i regjeringa. Kvifor vart ikkje Betzy Kjelsberg sosialminister?

Magnhild Folkvord sitt portrett av Betzy Kjelsberg er ei historie om mot, vilje til endring og solidaritet. At dagens feministar og kvinnesaksforkjemparar kan ha noko å lære av Kjelsberg er Folkvord overtydd om.

- Betzy var opptatt av at kvinner måtte stå saman. Sjølv fungerte ho som ein brubyggjar på tvers av parti- og organisasjonsgrenser, og viste at ein kunne komma langt med det.

Boka har lanseringsdato 8. mars. 9. mars kjem Magnhild Folkvord til Tronsmo Bokhandel. Meir info her: https://www.facebook.com/events/604700289678534/

Magnhild Folkvord (f. 1945)er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2013 arbeidde Folkvord som journalisti Klassekampen. Tidlegare har ho blant anna gitt ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg (2013). 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO