Gå videre til innhold
Beyonces favorittpoet, kritikarroste Warsan Shire, no omsett til norsk

Pressemelding -

Beyonces favorittpoet, kritikarroste Warsan Shire, no omsett til norsk

Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga Eg lærer mor mi å føde i 2011  også superstjerna Beyonce, som siterer Shire på albumet Lemonade frå 2016. 28.2. lanserer Samlaget diktsamlinga på norsk. 

Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet. Dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe – heller ikkje i Vesten.

Kroppen er eit viktig motiv – først og fremst kvinnekroppen – og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer Shire at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. 

«Eg har munnen til mor mi og auga til far min: I ansiktet mitt er dei framleis saman»

Samlinga er gjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.

Warsan Shire (f. 1988) er ein prisvinnande britisk poet, redaktør, aktivist og lærar, fødd av somaliske foreldre i Kenya. Poesien hennar er blitt omsett til ei rekke språk.​



Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO