Skip to main content

Bildebok om å sakne ein forelder

Pressemelding   •   sep 03, 2019 09:23 CEST

Sivert N. Nesbø har gitt ut fleire kritikarroste vaksenbøker, og barnebokdebuterer no med bildeboka Hauk, illustrert av kunstnaren Susanna Kajermo.

Hauk vaknar opp åleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa? Kor er han? Og når kjem han tilbake?

Hauk handlar om sakn og lengsel. Om å ikkje forstå kvifor vaksne ikkje alltid kan vere der, om å vere liten og prøve å finne ut korleis verda heng saman.

Sivert N. Nesbø (f. 1982) kjem frå Førde og er busett i Bergen. Han har tidlegare skrive tre romanar: Skårgangar (2013), Som eit barn (2015) og Sjøen om vinteren (2018). 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.