Gå videre til innhold
"Bålet" av Trude Tjensvold
"Bålet" av Trude Tjensvold

Pressemelding -

Bildebok om ein konkurranse som kjem ut av kontroll

11. august lanserer Samlaget "Bålet" av Trude Tjensvold. Tjensvold har skrive og illustrert ei rik forteljing om ein konkurranse som kjem ut av kontroll. 

Beveren Bella trivst godt i skogen der ho bur, men ho er skeptisk til dyra som kjem på sommarbeite. Spesielt irriterer ho seg over grisen Sylte. Han veit alltid best! Dessutan synest han at dei ville dyra i skogen er gammaldagse og treige.

Snart er den årlege festen i skogen her. Bella vil lage stort bål slik dei alltid brukar å gjere. Men Sylte vil heller fyre opp ein kolgrill til festen, for det er meir moderne. Det utviklar seg til ein konkurranse mellom dei to, og ting kjem ut av kontroll. For snart står skogen i full fyr.

«Bålet» er ei spennande og leiken bildebok som djupast sett handlar om samarbeid. For kanskje er den ein trudde var uvenn, ikkje så verst likevel?

Trude Tjensvold (f. 1964) frå Stryn er busett i Oslo. Ho har lang erfaring som illustratør og bildekunstnar. I 2016 debuterte ho som forfattar med bildeboka Bo flyttar ut, som både blei nominert til Kulturdepartementets debutantpris for barne og ungdomslitteratur 2016 og vann gull i Visuelt 2017. Boka blei også seld til Danmark.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO