Skip to main content

Biletboka "Førstemamma på Mars" nominert til både Kulturdepartementets barnebokpris og Kritikarprisen

Pressemelding   •   feb 17, 2014 08:55 CET

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møklebys (ill.) biletbok Førstemamma på Mars er nominert til to prestisjeprisar; Kulturdepartementets barnebokpris og Kritikarprisen. Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars?

Førstemamma på Mars er i tekst og bilete ei eksplosiv og sår forteljing om sjukdom i den næraste familien.

Boka har blitt varmt tatt imot av kritikarane:

"Noen bildebøker er så selvsagte, så avklarte i formen, at man ikke spør seg om de kunne vært gjort annerledes".

Mette Hofsødegård,  Aftenposten

”Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møklebys tredje bildebok er blitt en fascinerende og foruroligende fortelling. Av både barn og voksen krever den innlevelse i og utforskning av et vanskelig og eventuelt konfliktfullt følelsesfelt. Med sin doble adresse har den har mye å gi begge parter i høytlesningssituasjonen.”

Inger Østenstad,  barnebokkritikk.no

 «Førstemamma på mars» {…] får ein verkeleg oppleve kva for kjensledjup eit dristig samspel mellom ord og bilete kan ta oss med på. Råsterkt!”

Guri Fjellberg,  Bergens Tidende

"Boka er fascinerande fordi ho ligg ein stad mellom den morosame leiken og fantasien på den eine sida og sorga og saknet på den andre (...) Ho opnar for brei tolking, sansing og oppleving."

Per Ivar Henriksbø,  GD


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar