Gå videre til innhold
Biografien om Julius seld til kanadisk forlag

Pressemelding -

Biografien om Julius seld til kanadisk forlag

Biografien om Julius ut på den engelskspråklege marknaden 

Dei internasjonale rettane til Nesten menneske av Alfred Fidjestøl er seld til det kanadiske forlaget Greystone. Dette er eit forlag som dei seinare åra har hatt stor suksess som den engelskspråklege utgivaren til den bestseljande forfattaren Peter Wohlleben, kjend for Trærnes hemmelige liv. 

Nesten menneske er biografien om Noregs mest kjende dyr, sjimpansen Julius. Det har blitt ei fascinerande historie om ein sjimpanse som har levd eit dramatisk liv, ei historie om forholdet mellom dyr og menneske, og ei historie om evolusjon. 

Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.

Nesten menneske har lanseringsdato 30.08. 

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut kritikarroste biografiar og historieverk om menneske og kulturinstitusjonar. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. Dette er hans første sjimpansebiografi. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO