Gå videre til innhold
Biografien om Julius til Kina

Pressemelding -

Biografien om Julius til Kina

Biografien om Julius, "Nesten menneske" av Alfred Fidjestøl er selt for utgjeving i Kina. Frå før har det kanadiske forlaget Greystone kjøpt verdsrettane til den engelske utgåva. No kan snart store deler av verda lese den dramatiske livssoga til sjimpansen i Kristiansand dyrepark. 

Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har blitt ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg.

Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.

Hagen Agency er utanlandsagent for boka.

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut kritikarroste biografiar og historieverk om menneske og kulturinstitusjonar. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO