Gå videre til innhold
Blixprisen 2013 til Teresa Grøtan

Pressemelding -

Blixprisen 2013 til Teresa Grøtan

Blixprisen for 2013 går til Teresa Grøtan frå Stokmarknes, busett i Bergen.

Nemnda grunngir tildelinga av prisen slik:

"Årets Blixpris-vinnar er ein kunnskapsrik forfattar, som på ein framifrå måte nyttar journalistisk erfaring og metode i forfattarskapen sin for barn og unge, kombinert med eit godt auge for den unge lesaren og litterær teft. Det er med glede nemnda i år kan gi prisen til ein forfattar med sakprosa i porteføljen, noko statuttane nemner spesielt.

Grøtan skriv for unge lesarar med eit konkret mål i sikte; å formidle viktig kunnskap i eit godt og stilsikkert språk, og i ei engasjerande form. Grøtan er ikkje redd for å gå inn i kompliserte saksfelt og presentere dette for unge lesarar; Globaliseringsboka frå 2009 er eit slikt døme. 

Grøtan meistrar også fagformidling i skjønnlitterær form og for yngre lesarar, noko ho har vist i bøkene om Klara: Klara kan mykje rart om klede, Klara kan mykje rart om mat.

Det er med glede og overtyding at nemnda gir Teresa Grøtan Blixprisen for 2013."

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det om mogleg skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Prisen er på 15 000.

I nemnda sit:  Ragnfrid Trohaug (Samlaget), Steinar Aas (Universitetet i Nordland), Kine Hellebust (Nordnorsk Forfattarlag)


Teresa Grøtan seier dette om tildelinga av Blixprisen:

-For meg har det vore svært språkleg bevisstgjerande å skrive for barn og unge. George Orwell skreiv at det viktigaste for ein skribent, er å la meininga velje ordet, og ikkje omvendt. For å la meininga, eller saka, styre språket, må ein ha inngåande kjennskap til det ein skal skrive om. Ei uklår meining, eller uklår kunnskap, gir uklårt språk. Dei første som avslører deg då, er barna, som aldri vil la seg besnære av ei lekker formulering om dei ikkje skjøner meininga med ho.

Grøtan (f. 1974) er journalist og forfattar. Ho er frå Stokmarknes i Vesterålen og bur i Bergen.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO