Skip to main content

Bokaktuelle Gunnar Garfors besøkte alle fylkene i landet på 24 timar

Pressemelding   •   sep 17, 2014 11:40 CEST

16.9. kl 00.01 starta Garfors på rekordforsøket landet rundt, og etter 22, 5 timar landa han og broren, Øystein Garfors i Alta i Finnmark. På stuntet brukte dei ei ferje, to bilar, og sju fly. På torsdag lanserer Garfors reiseboka si 198. Mi reise til alle verdas land.

-Dette var den beste måten å etterlikne besøk i alle verdas land på, her heime i Noreg. Vi tok oss tid til å nyte uavbroten utsiktsmagi, sol og strålande vér i heile landet. Vi utveksla bøker mot historier i alle fylka vi var innom, og fleire fulgte oss på sosiale medier undervegs.

Lanseringsdagen torsdag 18. september

Naustdal:   Kommunestyresalen, 09:00. Ordførar Håkon Myrvang innleier.

Bergen:   Bokhandelen Akademia, studentsenteret, Universitetet, 12:45

Oslo:   Bokhandelen Tanum, Karl Johans gate 37, 18:00.

Gunnar Garfors (f. 1975) er opphaveleg journalist, som no jobbar med distribusjon av digitalradio i NRK. Han er kjend som quizmaster frå Nitimen på NRK P1, og skriv om reise i utanlandske aviser og magasin samt på sin eigen nettstad garfors.com.

Kontaktinformasjon til Gunnar Garfors: 400 00 022 - gunnar.garfors@nrk.no 

Meir om boka 198. Mi reise til alle verdas land:

Gunnar Garfors er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. Utferdstrongen og eventyrlysta har resultert i sære opplevingar og ville påfunn, som Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag.

Han reiser ofte på impuls og opplever verda i møte med dei han treffer undervegs. Då skjer det uventa og spennande ting, anten han er aleine eller saman med gode kompisar. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og er meint som inspirasjon til alle som vil på noko anna enn pakketurar.

Garfors har òg laga fleire lister, som dei 25 minst besøkte landa i verda, dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 10 favorittbyane, dei farlegaste landa og kva land som har dei flottaste kvinnene. Han gir gode råd om kvifor og korleis reise til stader du knapt visste om.


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar