Gå videre til innhold
Boklansering - "Brev til Noreg" av Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik

Pressemelding -

Boklansering - "Brev til Noreg" av Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik

Etter ti år i Noreg fekk Mona Ibrahim Ahmed brev frå den norske stat med avslag på søknad om å bli norsk statsborgar. Brev til Noreg er hennar svarbrev, ført i pennen av Hilde Sandvik. 

Då somaliske Mona Ibrahim Ahmed var 16, tok ho eit modig val. Ho ville bestemme over sitt eige liv. Det kosta henne dyrt og gjekk ut over forholdet til familien og miljøet ho kom frå. Etter ti år i Noreg, fekk ho nyleg avslag på søknaden om å bli norsk statsborgar. På desse ti åra har Mona blitt ei sentral stemme i Bergen som ei av dei som oppmuntrar unge med minoritetsbakgrunn til å ta eigne val. Mona tok dei vala Noreg gav henne, men no vil ikkje Noreg ha henne her.

I boka fortel Mona om oppveksten som somalisk flyktning i Etiopia, om reisa til Noreg, om å komme frå ein klankultur til eit samfunn der staten har overteke mange av familiens oppgåver, og om møtet med eit land som lærte henne at det å reflektere er ei gåve, at det å ta eigne val er ein rett.

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

Lanseringarr i Amalies hage på Bergen Bibliotek tysdag 30.10 kl 19.

Mona Ibrahim Ahmed (f. 1992) arbeider som miljøterapeut i eit ungdomstiltak i Bergen. Ho er også gjesteundervisar i Raftostiftelsen. Ibrahim Ahmed har i mange år vore ein sentral aktør i organisasjonen Fargespill.

Hilde Sandvik (f. 1970) er redaktør for den nordiske nettstaden Broen.xyz, debattant og kom- mentator. Ho er tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende og redaktør av Syn og Segn.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO