Gå videre til innhold
Omslag - Nesten menneske
Omslag - Nesten menneske

Pressemelding -

Boklansering "Nesten menneske. Biografien om Julius" av Alfred Fidjestøl

Nesten menneske er biografien om Noregs mest kjende dyr, sjimpansen Julius. Boka skildrar eit dramatisk liv, og er samstundes ei sterk historie om forholdet mellom dyr og menneske. Fleire utanlandske forleggarar er interesserte i boka, og m.a. har det kanadiske forlaget Greystone kjøpt rettane til den engelske utgåva, som kjem til våren.

Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av mora og med ein valdeleg far måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar.

Gjennom TV blei Julius ein norsk A-kjendis på 80- og 90-talet. Men han sleit med å finne plassen sin i flokken. I dag lever Julius som alfasjimpanse og tobarnsfar. Han er framleis Noregs mest kjende dyr.

Som første dyr i Noreg får no Julius sin eigen biografi. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har blitt ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg.

Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut kritikarroste biografiar og historieverk om menneske og kulturinstitusjonar. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO