Pressemelding -
Bokstavsommaren: fargerik bokstavleik for barnehagebarn!
Fargerik bokstavleik for barnehagebarn
«Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å halde auge med broren. Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag. Skatten skal komme frå havet og begynne på ein ny bokstav kvar gong.»
I Bokstavsommaren hentar Styrk bokstavskattar opp frå havet til veslesøster Zara, og gjennom fisking og snorkling blir Styrk og Zara og lesaren kjende med alle bokstavane i alfabetet. Det finst ein tekst for kvar bokstav, og boka er ein liten skatt for dei som skal bli kjende med alfabetet vårt.
Boka er blitt til i samarbeid med Nynorsksenteret og Lesesenteret, og alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.