Gå videre til innhold
Bomulv - ny biletbok av Njord Svendsen og Akin Duzakin

Pressemelding -

Bomulv - ny biletbok av Njord Svendsen og Akin Duzakin

Bomulv er ei biletbok om uventa vennskap og om kva det eigentleg vil seie å vere modig.

Bomulv er ein ulv som ikkje kan ule. Han er ikkje like sterk som dei andre, og han ser ikkje ut som dei andre. Og no er han lei av å late som han er lik dei andre ulvane. Bomulv må vekk, og bestemmer seg for å forlate flokken og finne ut kva som er på den andre sida av skogen.

Med melankoli og humor skildrar debutant Njord Svendsen jakta på kven ein er og kor ein høyrer heime.

- Bomulv er samstundes ei forteljing om å vere annleis, og om å oppdage styrken som kan ligge i det, seier Svendsen.

Njord Svensen (f. 1973) kjem frå Brattvåg på Sunnmøre og bur i Bergen. Han jobbar som kommunikasjonsrådgivar og er tidlegare journalist.

Akin Duzakin (f. 1961) er bildebokforfattar og illustratør. Han har illustrert ei lang rekkje bøker og vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO