Skip to main content

Brageprisnominasjon til Jon Fosse for første band av "Septologien. Det andre namnet"

Pressemelding   •   okt 31, 2019 12:44 CET

Frå grunngjevinga til Brage-juryen: "Med et vakkert og strømmende språk maner Jon Fosse fram et mektig litterært univers... Det andre namnet. Septologien 1-2 er en fengslende og kraftfull roman som lever videre i leseren."

Dei norske bokmeldarane tok svært godt imot første band av storverket Septologien som kom i september, og sa mellom anna; "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til", "Terningkast sju: Fosse i full fyr.", "Mesterlig fra Jon Fosse", "En herlig fest uten punktum!".

16. oktober vart Septologien lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt, der Fosse var eit av hovudnamna.

Septologien også selt til elleve land; mellom anna Tyskland Storbritannia, USA og Spania.

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut i 2020 og 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.