Skip to main content

Brages heiderspris til Einar Økland

Pressemelding   •   des 08, 2015 18:47 CET

Einar Økland har fått Brages heiderspris for sin samla forfattarskap.

Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. 

Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Kritikerprisen for barne- og ungdomslitteratur, Kultur- og kirkedepartementets billedbokpris, Aschehougprisen, Melsom-prisen, Nynorsk litteraturpris, Blixprisen, Doblougprisen, Samlagsprisen og Gyldendalprisen

Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. I tillegg har han gjendikta store mengder utanlandsk lyrikk og poesi og vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. Hans siste utgjeving lyrikksamlinga Sykling i søvne, kom våren 2015.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy