Gå videre til innhold
Brit Bildøens roman "Sju dagar i august" kjem ut på engelsk

Pressemelding -

Brit Bildøens roman "Sju dagar i august" kjem ut på engelsk

Dei engelske rettane til Brit Bildøens kritikarroste roman Sju dagar i august (2014) er selde til Seagull Books, som mellom anna gir ut Tomas Espedal og Torvald Steens bøker. 

Bildøen, som nylig vann P2 lytternes romanpris, fekk svært god mottaking for boka då ho kom ut i august i fjor. Sju dagar i august er den første norske romanen som behandlar 22. juli-tematikken. Bildøen vert rosa for si truverdige og sterke tilnærming til langvarig sorgarbeid; korleis sorgen spelar inn i samlivet og omgjevnadane til ekteparet i boka. 

Meir om boka og meldingar av boka her

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO