Gå videre til innhold
Brutalt og usentimentalt om å bli eldre

Pressemelding -

Brutalt og usentimentalt om å bli eldre

Rønnaug Kleiva er aktuell med romanen Liljene på stranda der ho brutalt og usentimentalt utforskar det å bli eldre, døden og det svikefulle minnet. Ei norsk kvinne innleier eit forhold til ein eldre mann i Aten. Under eit opphald på den tidlegare fangeøya Makronissos, der mannen ein gong var internert, fortel dei kvarandre om liva sine. Sjølv er kvinna sikker på at det er mykje ho har gløymt, men korleis kan ho vite kva? Fleire episodar gjer henne usikker på kva som er sant og ikkje, både i hennar eiga og andres historie. Ho møter mannen igjen etter 25 år. Kva er igjen av deira felles opplevingar, og kven er ho blitt, i eigne og andres auge?

Romanen krinsar om dei ulike versjonane av forteljingane vi omgir oss med. Kan ein i det heile stole på minnet – og på kvarandre?

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 20 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO