Gå videre til innhold
Claudia Rankine med ny bok om å kjenne rasismen på kroppen

Pressemelding -

Claudia Rankine med ny bok om å kjenne rasismen på kroppen

28.2. lanserer Samlaget Claudia Rankines dramastykke Det kvite kortetKvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine sitt nye stykke.

Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase. Samtalen imploderer sakte, og ubehaget veks i takt med at middagsselskapet havarerer. 

​Stykket utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Samtalen er samstundes humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg. Boka er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. 

​Frå engelsk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.


Claudia Rankine (f. 1963 på Jamaica) voks opp i Kingston og New York. I dag underviser ho ved Yale. Den lovpriste Medborgar er den femte boka hennar, og ho er blitt tildelt ei mengd prisar, mellom anna National Book Critics Award og PEN Open Book Award.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO