Skip to main content

Bjørn T. Bøe debuterer med "Det er ein ELEFANT i barnehagen"

Pressemelding   •   feb 19, 2016 14:00 CET

Bjørn T. Bøe debuterer som barnebokforfattar med ei forteljing om å la seg rive med av fantasien og ikkje la kvardagen stå i vegen for leik og magi.

Bøe meiner bestemd at vaksne har eit og anna å lære av barna og deira evne til å la fantasien leve.

- Barn har ei eineståande evne til å sjå magien i kvardagen. Men sjølv om dei vaksne i boka ikkje klarar å la seg riva like godt med som Maren, så skal ein ikkje kimsa av den leikne vaksne heller. Vi har alle eigenskapen i oss, men vi treng kanskje å bli minna på den i blant.

I det er ein ELEFANT i barnehagen møter me Maren som er sikker i si sak – det må vere ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finne.

For kva er den rare lyden i barnehagen? Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vere ein … elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere?

Bjørn T. Bøe (f. 1979) bur i Os i Hordaland. Han er utdanna medievitar og førskulelærar og jobbar no som pedagog på natur- og friluftslivavdeling i barnehage. "Det er ein ELEFANT i barnehagen" er debutboka til Bø, både som forfattar og illustratør for boka. 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar