Gå videre til innhold
Det Norske Samlagets haustliste 2012

Pressemelding -

Det Norske Samlagets haustliste 2012

Ny forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog la i dag fram forlagets 145. haustliste. Samlaget har ti debutantar i år, sju av dei skjønnlitterære. Olaug Nilssen, Per Inge Torkelsen, Jan Roar Leikvoll, Rønnaug Kleiva, Ingelin Røssland, Kari Stai og Anne Viken er blant namna på forlagets haustliste.

Smakebitar frå lista: Olaug Nilssen er i haust aktuell med bok om familie- og arbeidsliv; Kjøkenbenkrealisme- Ei ærleg bok om tidsklemma. Per Inge Torkelsen vil i  boka Humor er ingen spøk heller rose enn å refse. Jan Roar Leikvolls nye sterke, mørke roman Bovara vert lansert i desse dagar til gode kritikkar. Rønnaug Kleiva står bak reiseromanen Armenia, Albania, Argentina om ei vestleg kvinne som reiser aleine til feriestader og og farlege utkantområde. Ingelin Røssland har skrive fleire populære ungdomsbøker og debuterer i haust med kjærleiksromanen Kirsebærsnø. Veterinær og samfunnsdebattant Anne Viken bokdebuterer med hesteboka Elise og mysteriet med dei døde hestane. Endeleg kjem det ein oppfølgar til Kari Stais moderne barnebokklassikar Jakob og Neikob; Tjuven slår tilbake.

Kolmannskog la vekt på den gode tilveksten av nye nynorskskrivande forfattarar i presentasjonen sin:

-I 2012 er det verdt å minne om at dette språklege mangfaldet og demokratiske utgangspunktet ikkje har kome av seg sjølv, og at det heller ikkje automatisk blir ein viktig del av den norske framtida. Det trengst forfattarar, det trengst lesarar, det trengst ein levande skriftkultur for at dette språklege mangfaldet skal bli meir enn tomme ord.

-Difor er det så gøy å kunne presentere ei liste som på kraftfullt vis vitnar om god tilvekst av nye nynorskskrivande forfattarar.

Forlagsdirektør Edmund Austigard la i si innleiing vekt på dei endringane forlaget skal gå gjennom dei kommande åra:

-Akkurat no er det altså ikkje e-boka og bok-appane som er økonomisk viktige for oss ved det digitale, det er effektiviseringa i arbeidsmåten. Men vi vil gå frå forsvinnade små digitale inntekter i 2012 til betydelege inntekter i løpet av få år. Det er den realiteten vi no skal tilpasse oss gjennom nye, billigare og digitale arbeidsformer.

-Den viktigaste grunngivinga for den endringsprosessen Samlaget no går gjennom handlar ikkje om digital og papir, men om kva som må til for at den gode litteraturen skal blomstre. Kva som må til for at lesing og litteratur skal stå like sterkt i dette landet om fem år. Kva som må til for at vi skal behalde den språklege romslegheita og toleransen vi har i dette landet. Alt anna er jo i denne samanheng bagatellar.

Haustlista og lanseringsdatoar ligg ved.

Bla i heile årskatalogen HER

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO