Gå videre til innhold
Do - ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Pressemelding -

Do - ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Ei morosam faktabok om doen gjennom historia og i framtida

Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do.

Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon?

Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka. 

- Det å gå på do er noko vi gjer kvar dag og ikkje tenker så veldig mykje over, men det ligg så mykje artig informasjon om vi går tilbake i historia, men det ligg også mange moglegheiter om vi tenker på framtida, om korleis vi skal løyse miljøutfordringar og utfordringar i fattige land. Det er eit heilt univers knytta til doar som er så ufatteleg spennande, seier Strømstad. 

Do er eit djupdykk ned i doens historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Og framover i tid også, for kvar skal vi eigentleg gjere av all bæsjen i framtida?

Boka er humoristisk illustrert av Flu Hartberg.

Do har lanseringsdato 29.3 

Pia Strømstad (f. 1963) er forfattar, journalist og omsetjar. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO