Gå videre til innhold
Doublougprisen 2019 til Olaug Nilssen

Pressemelding -

Doublougprisen 2019 til Olaug Nilssen

Olaug Nilssen har fått Dobloug-prisen 2019 saman med Johan Harstad.  Prisen er på 200 000. Nilssen takka velferdsstaten i talen sin og gir bort ein tredjedel av prispengane øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Prisen vart delt ut på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer tysdag kveld.

Dobloug-prisen vart oppretta i 1938 på grunnlag av ei testamentarisk gåve frå den norske forretningsmannen Birger Dobloug til Svenska Akademien som oppretta eit fond i hans namn.Den norske Dobloug-komiteen arbeider på vegne av Svenska Akademien. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Vigdis Hjorth, Halldis Moren Vesaas, Arnulf Øverland, Kjartan Fløgstad, Jon Fosse og Gunvor Hofmo

Om Olaug Nilssen skriv juryen bak prisen: 
« En spennende, allsidig og alvorlig stemme i norsk samtidslitteratur er også Olaug Nilssen (f. 1977). Med romanen Tung tids tale fra 2017, tok Olaug Nilssen både fatt i et alvorlig og personlig tema, men også i norsk samtidslitteratur. Romanen handler om ei kvinne som blir mor til et autistisk barn. Romanen er et langt rop som skildrer hverdagen med gutten på den ene siden og møtet med det kommunale byråkratiet på den andre siden. Nilssens roman er en personlig protest mot samfunnet som verken ser henne eller sønnen eller familiens behov har. Prosaen er gjennomtenkt og slagkraftig i denne romanen, og dveler både ved situasjonens uutholdelighet og de små detaljene som virkeliggjør presset og angsten moren i boka kjenner på. Tung tids tale er Nilssens fjerde roman, men også i de tre andre romanene, debutromanen Innestengt i udyr, Vi har så korte armar og Få meg på, for faen, skriver Nilssen om jenter og kvinner, og om typiske kvinneroller som ikke-typiske kvinner må forholde seg til og bruke krefter på å distansere seg fra. Hovedpersonen i Innestengt i udyr har et problematisk forhold til mat og kropp, et klassisk jente-problem. I Få meg på, for faen møter vi tre ulike kvinneskikkelser og tema som seksualitet, morsrollen og feminisme er sentrale.. I tillegg til romanskrivingen har Nilssen også skrevet skuespill, essay, biografi. Vi har å gjøre med en forfatter som skriver om det som brenner, uansett hvilken form stoffet tar. Olaug Nilssen er en forfatter som utfordrer og engasjerer og utvilsomt har gjort seg fortjent til Dobloug-prisen."

Frå takketalen til Olaug Nilssen: 

"Det er ei stor ære og glede å få ein pris som nok ein gang forsikrar meg om at Tung tids tale var ei bok som hadde litterære kvalitetar. Det er flaut å innrømme det, men det betyr mykje for meg å bli omfamna av den litterære institusjonen. Det er også flaut å ikkje sjølv vere til stades for å motta prisen, fordi eg er sjukmeld, slik Olaug i romanen Tung tids tale også var. Det finst ikkje så mange medievennlige «slik takla eg den tunge tida»-fortellingar i liva til foreldre til barn med store funksjonshemmingar, rett og slett fordi livet for mange pårørande forblir ein kamp. Men det er framleis ikkje så enkelt å identifisere seg offentleg som noko anna enn forfattar, som noko anna enn kontrollert. Slik blir dette nok ein arena for meg å avsløre svakheit, og det skulle eg ønske det ikkje var.

Likevel - og difor - vil eg nytte høvet til å takke alle dei som hjelper familien min i omsorgen for eit sterkt hjelpetrengande barn. Takk til Victoria, Torbjørn og Sondre, Even, Martine og Lillian, May Linn, Ida og Anne Tove og alle andre som med låg løn og høg innsats tar på seg ansvaret for andres krevjande barn.

Velferdsstaten er det viktigaste i mitt liv, eg nærer ein stor og nesten religiøs kjærleik til han. Og det vil eg understreke med ein gest influert av kommunalt språk.

Eg vil gje vekk ein tredjedel av pengesummen, og den skal vere øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og svartediksveien avlastning. Måtte sjukmeldingsprosenten og skademeldingane gå ned, og måtte dei kommunale myndigheitene følge opp lovnadane sine."

Dobloug-prisen
Dobloug-prisen vart oppretta i 1938 på grunnlag av ei testamentarisk gåve frå den norske forretningsmannen Birger Dobloug til Svenska Akademien som oppretta eit fond i hans namn. Den norske Dobloug-komiteen arbeider på vegne av Svenska Akademien.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO