Skip to main content

Einar Økland fyller 80 år 17. januar

Pressemelding   •   jan 13, 2020 09:00 CET

Einar Økland fyller 80 år 17. januar! I samband med jubileet lanserer vi Økland si essaysamling Oss imellom?.

- Einar Økland er den mest allsidige og originale forfattaren i norsk etterkrigstid. Som forlaget hans gjennom over 50 år er vi takksame og audmjuke for den enorme innsatsen han har lagt ned for norsk litteratur og nynorsken. Som den nye boka hans, Oss imellom?, vitnar om, har han på ingen måte lagt seg flat i sitt 80-ande år. Her er overskot, kreativitet og kunnskapsiver på kvar ei side. Utan Einar Økland hadde Noreg vore keisamt og langt dummare. På vegner av Det Norske Samlaget ønskjer eg Einar til lukke med 80-årsdagen, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Økland har markert seg i norsk litteraturhistorie på mange vis. Sidan debuten i 1963 har han gitt ut opp mot 80 bøker innan dei fleste sjangrar til båe barn, ungdom og vaksne. Dei eksperimentelle og sjangeroverskridande romanane Galskap (1971) og Stille stunder (1974) har blitt ståande som klassikarar, og begge inneheld dei den særeigne ironien og humoren som er typisk for forfattaren. Økland har motteke ei lang rekkje høgthengande prisar, blant anna Doublougprisen i 2000 og Brages ærespris i 2015. Ikkje minst har Økland vore ein sentral skikkelse i dei litterære tidsskrifta Profil og Basar. I fjor debuterte Økland som skodespelar i filmen Håp av Maria Sødahl.

I samband med 80-årsfeiringa lanserer vi boka Oss imellom?. Boka er ei samling småprosa med personlege og kunnskapsrike refleksjonar over litterære og menneskelege venskap, fragment frå eit forfattarliv, i tillegg til norsk litteratur- og kulturhistorie.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.