Pressemelding -
Einar Økland ute med ny, vital diktsamling; "Rosemalte selfies - og omvendt"
I Einar Øklands nye diktbok får du mellom anna servert lyriske hermer, gåter, ordtøke, kvad, stev og prosaiske notisar. Desse tekstane kan brukast til seriøs ut- eller innvortes sjølvmedisinering eller som sjølvforsvar.
Det er nokon som ropar: Paddene
som kjem ut or munnen
er blitt verneverdige nå, og munnen
kan berre dra til helsike.
Men korleis kom paddene først
inn i munnen?
Pass du di eiga padde!
Du høyrer at det er du som ropar
og held deg for øyro,
for å verne om padda.
Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006 og Brages Ærespris i 2015.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.