Gå videre til innhold
Ellen Kristvik aktuell med bok om dotteras sjølvmord

Pressemelding -

Ellen Kristvik aktuell med bok om dotteras sjølvmord

21.2. lanserer Samlaget Ellen Kristviks Notat ved avgrunnen. Ei mors forteljing. Boka tek utgangspunkt i ei personleg hending: Kristvik opplevde å mista sitt einaste barn då dottera tok livet sitt.

I Notat ved avgrunnen blir vi kjende med Kristviks dotter Johanna som barn og ung. Lesaren får glimt inn i livet hennar til ulike tider. Kristvik vekslar mellom sorguttrykk, retrospektive glimt frå tida før tapet og forteljingar om korleis vi etterlatne søkjer hjelp til å leve vidare. Boka har ein personleg inngang, og Kristvik syner seg som uredd i møtet med sorga. Skildringane er avkledde og romantiserer ikkje hendinga, samstundes som dei er prega av ein absolutt kjærleik.

Notat ved avgrunnen tek føre seg eit tema som er langt på veg tabubelagt. Mellom 500 og 600 menneske døyr i sjølvmord her i landet årleg. Talet har stige over tid.


Ellen Kristvik (f. 1955) arbeider med sorgarbeid. Ho er forskar på Avdeling for helsetenesteforskning (HØKH) på Akershus Universitetssjukehus. Kristvik er antropolog og har òg bakgrunn som sjukepleiar. Det siste forskingsprosjektet hennar handla om helsetenesta sitt møte med alvorleg sjuke kreftpasientar, noko ho tidlegare også har jobba med som sjukepleiar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO