Skip to main content

Ellevill debut om vennskap, mot og tårer

Pressemelding   •   feb 22, 2016 12:00 CET

Christian Wiik Gjerde, kjend frå NRK Super, debuterer no med ei sjarmerande og ellevill forteljing om vennskap og sjalusi ispedd ein god dose tårer.

For Wiik Gjerde syner nemleg i Jakta på firkløveren at det kan vere heilt normalt å grine litt. Jamvel for gutar! Du blir ikkje mindre helt av den grunn.

- Kva gjer du når alt går imot deg? Då må du finne mot til å hente fram den vesle helten i hjarta. Det er det Alvar gjer. Han er ikkje ein tøffelhelt, han er ein ekte helt, seier Wiik Gjerde.

Jakta på firkløveren utspeler seg på ei øy nesten utan ungar. Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta – ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Og snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre – det må jo bli trippelt så kjekt! Men når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg.

Det blir sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.

Boka har lanseringsdato 25.februar. Det blir sleppfest måndag 29.februar. Sjå meir om arrangementet her: https://www.facebook.com/events/476959192491366/

Christian Wiik Gjerde(f. 1981) voks opp i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre og er busett i Oslo. Han er utdanna pedagog, og har jobba både som lærar og programleiar i NRK Super og NRK P1. No er han produsent i Rikskonsertane.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar