Gå videre til innhold

Pressemelding -

Erlend Flornes Skaret med ny roman, "Nomade"

For tre år sidan sa Erlend Flornes Skaret opp jobben som ingeniør, selde leiligheita og kjøpte seg bubil. Han la ut på ei lang reise Europa rundt. Den nye romanen "Nomade" vart til på denne reisa. 

Om "Nomade": I eit anfall av meiningsløyse seier ein mann opp jobben og kjøper ein bil. Han stiller navigasjonsapparatet inn på ein tilfeldig by: Lübeck. Ved å halde seg i konstant rørsle freistar han å fri seg frå kvardagslivet. Men den nomadiske livsstilen blir utfordra, og spørsmålet melder seg: Kor lenge er det mogleg å flykte?

Frå det yrande folkelivet i Tanger via eit forskingsprosjekt om ein spesiell eføy på Ånuglo til dei tungt trafikkerte europeiske motorvegane, tek Skaret oss med på ei rastlaus ferd i både tanke og geografi.

Nomade er full av presise observasjonar, absurde hendingar og slåande refleksjonar.

Erlend Flornes Skaret(f. 1976) debuterte i 2011 med romanen Wrocław og følgde opp med Lucida i 2013. Nomade er den tredje romanen hans. 

Sagt om dei tidlegare romanen til Flornes Skaret: 

"Elegant skrivekunst ... en stilsikkerhet uvanlig blant debutanter. Man kunne sitert vilkårlig fra nær sagt hvor som helst i boken, og det siterte ville båret bud om en forfatter som tenker dypt og skriver lett."

Fartein Horgar, Adresseavisen

"Skaret skriv essayistisk nesten like godt som Solstad, og han har Knausgårds varleik for omgjevnadane"

Eskil Skjeldal, Dag og tid

"Wroclaw er ein mogen, utfordrande debutroman som imponerer."

Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO