Gå videre til innhold
Eva Jensen med ny diktsamling

Pressemelding -

Eva Jensen med ny diktsamling

Den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen, Vidareutdanning i lys og skugge, inneheld nærbilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur.

Det nordnorske landskapet står sentralt, men reisene fører oss ut i Europa. Dermed skapar tekstane eit spenn mellom heimkjensle og heimløyse, mellom det store og det små. Jensen har eit omsorgsfullt blikk for detaljar: dei minste ting og dei minste rørsler blir rekna med, og minne om barndom, slekt og venner blir løfta fram som fragment av eit stort livsbilete.

Eva Jensen (f. 1955) vaks opp i Salangen i Troms og er busett i Tromsø. Sidan debuten i 1984 har ho gitt ut ei rekkje bøker for vaksne, ungdom og barn. Jensen viser stor allsidigheit når det gjeld sjangrar, ho skriv både dikt, noveller, romanar, essay og artiklar, arbeider som gjendiktar og omsetjar. Stikkord for forfattarskapen er høgt språkleg medvit og vid litterær orientering.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO