Skip to main content

Faktabok for barn om menneske- og dyrehender

Pressemelding   •   sep 19, 2019 08:00 CEST

I 2016 gav biolog Åsmund H. Eikenes ut Handboka, ei faktabok om hendenes utvikling frå ursuppa fram til i dag. No følgjer han opp med Knokedunk, ei faktabok for barn om korleis dyre- og menneskehender fungerer. 

Vi menneske har hender med fem fingrar. Hos dyra ser hendene nokså annleis ut, og vi kallar dei potar, klør, loffar, klauver eller vengjer. Men ser vi på korleis menneskehendene og dyrehendene er bygde opp, så ser vi at dei liknar på kvarandre. Hendene er viktige verktøy, både for menneske og dyr.

Sjimpansehanda liknar ei menneskehand og gjer at sjimpansen kan halde seg godt fast i treet. Froskar har fire lange fingrar med ein sugekopp på kvar fingertupp. Moldvarpen har ein ekstra finger som gjer det lettare å grave lange tunellar. Hendene til fuglane er gøymde inni vengja og er tynne og lette slik at fuglen kan fly. Kvalen bruker armane sine til å symje med, så dei fem fingrane er pakka saman til ei lang og kraftig padleåre.

Boka er illustrert av Eivind Gulliksen.

Åsmund H. Eikenes (f. 1986) har doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og er ein engasjert forskingsformidlar. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo. Han har tidlegare gitt ut Handboka og Sprut og debuterer skjønnlitterært med romanen Håkon i år.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.