Gå videre til innhold
Federico García Lorca i ny gjendiktning ved Ragnar Hovland og Tove Bakke

Pressemelding -

Federico García Lorca i ny gjendiktning ved Ragnar Hovland og Tove Bakke

Grøn eg vil ha deg grøn er ein ny gjendiktning av ein av dei viktigaste poetane i verda, Federico García Lorca.

Lorca reknast blant verdas viktigaste diktarar i det 20. hundreåret, og er elska av stadig nye generasjonar, ei sjeldan ære. Han blei fødd i 1898 nær Granada og myrda av Francos politi i 1936. Uvanleg musikalitet, sensualitet og bildeskapande evner kjenneteikner alt han gjorde. Lorcas lyrikk er presentert på norsk tidlegare, men utvalet her er langt vidare, frå barnedikt til lengre suitar, balladar og kraftige maktoppgjer.

Tove Bakke og Ragnar Hovland står for utval og gjendikting.  

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO