Gå videre til innhold
Feminisme, EU, kjensler og våpen i årets siste utgåve av Syn og Segn

Pressemelding -

Feminisme, EU, kjensler og våpen i årets siste utgåve av Syn og Segn

I årets siste utgåve av Syn og Segn skriv Kathrine Sele, Jørgen Lorentzen, Merete Thomassen og Eva Løveid Mølster om framtida til feminismen. 

Kva er norske feministar opptekne av i dag? Kva nye utfordringar står feminismen overfor? Treng vi i det heile feminisme og feministar?

Riksantikvar Jørn Holme skriv om ruinar og romantikk, og Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland og leiar i Europa-bevegelsen Jan Erik Grindheim er usamde om det meste, bortsett frå dette: Kvifor EU står så lågt på agendaen i Noreg. Svaret plagar dei båe.

VÅPEN: Ifølgje UD var verdien av norsk våpeneksport i 2013 4,3 milliardar kroner. I 2014 rekna Statistisk sentralbyrå at Noreg er den sjette største våpeneksportøren i verda. Denne verksemda medfører ei rekke moralske problemstillingar, meiner Tove Lie.

Twitter-dronning Esther Moe skriv om kjensler og når det blir for mykje av dei. «Kjenslene er ei mektig kraft. Først og fremst fordi dei framleis er tabulagde i kraft av å tilhøyra den private sfæren og dermed kan utporsjonerast som eit sakrament.» 

Dette og meir til kan du lese om i årets siste utgåve av Syn og Segn.

For meir informasjon eller presse-eksemplar av Syn og Segn, kontakt Knut Aastad Bråten - mobil 907 68 797 knut@synogsegn.no

Syn og Segn vart stifta av Arne Garborg i 1894 og er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike allmennkulturelle tidsskrifta i Noreg i dag. Syn og Segn er ein aktiv premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet – ikkje berre for det nynorske kjernepublikummet, men òg for kulturinteresserte i alle samfunnslag.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO