Gå videre til innhold
Flåm skule vann 1. premien under Nasjonalt digitalt lesedøgn!

Pressemelding -

Flåm skule vann 1. premien under Nasjonalt digitalt lesedøgn!

Onsdag 25. april gjekk Nasjonalt digitalt lesedøgn av stabelen. 200 skular og nesten 10 000 elevar var påmelde, og frå onsdag til fredag las elevar over heile landet til saman meir enn 700 000 sider i nynorske barnebøker! Det vart trekt ut vinnarar blant alle grupper som hadde lese meir enn 100 sider i snitt per elev, og 4. trinn på Flåm skule vann den gjæve 1. premien, som er 15 iPadar.

– Eg trudde det var ein aprilspøk, men så skjønte eg ikkje det heller, for det var jo 30. april, så eg måtte lese det fleire gonger. Eg er stolt over arbeidet elevane la ned denne dagen. Me snakka om at sjansen for å vinne var så liten, så eg tok på meg og laga til ei overrasking som premie, men denne premien overgår alt, seier lærar for 4. trinn på Flåm skule, Marit Johanne Hegg.

Elevane vart også svært overraska over at dei vann og kunne nesten ikkje tru det var sant. – Me har vore veldig flinke, og me har lese mange sider. Det er fantastisk å vinne! seier elevane som stakk av med 1. premien.

Nasjonalt digitalt lesedøgn er ein del av jubileumsfeiringa for Det Norske Samlaget som fyller 150 år i år. Målet med lesedøgnet har vore å setje lesing av nynorske barnebøker på dagsorden og lyfte fram all den gode litteraturen som finst for born. All lesing har gått føre seg i den digitale leseplattforma Lesemeister, der elevane har hatt tilgang til meir enn 100 titlar på nynorsk.

– Det var gøy å lese, og det var mange nye bøker som eg ikkje har lese før, seier ein av elevane. Elevane syntest òg det var veldig spanande å konkurrere med andre skular.

– Me såg at elevane vart motiverte for lesing. Dei fekk små avbrekk i form av digitale aktivitetar, og det var òg fint at bøkene var på nynorsk, seier lærarane.

Prosjektleiar hjå Det Norske Samlaget, Guro Kvalnes, fortel at dei er særs nøgde med avviklinga.

– For ein lesefest det vart! Me er mektig imponerte over elevane som har lest på, og over dei dyktige og kreative lærarane som var med på å setje sitt preg på aksjonen, seier Kvalnes. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO