Gå videre til innhold
Folkekjære søsken inn på bestseljarlista

Pressemelding -

Folkekjære søsken inn på bestseljarlista

Boka Søsken til evig tid av Ivar Myklebust Longvastøl ligg på tredjeplass på bestseljarlista og har eit samla opplag på 20 000. Oddny og Magnar Kleiva vart kjende gjennom to dokumentarfilmar som vart svært populære, og som er er sett av nesten to millionar. Søskenparet treff noko heilt spesielt i den norske folkesjela. Dei har levd heile livet på eit småbruk i Naustdal i Sunnfjord. Dei lever tett på dyra og naturen. Å komme til småbruket på Kleiva er som å reise 50 år tilbake i tid. Oddny og Magnar driv garden på gamlemåten. Livet på garden følgjer årstidene og onnene. Journalist Ivar Myklebust Longvastøl tek oss med tilbake til Naustdal og fortel meir om søskenparet.

Oddny og Magnar var dei to yngste i ein søskenflokk på fire. No er det berre dei att, og dei har ingen etterkommarar. Livet har handla om plikt og hardt arbeid. Kva tenkjer dei om livet sitt, og korleis blei det som det blei? Har dei drøymt om noko anna? Og kva tankar gjer dei seg om den dagen dei begge er borte?

Ivar Myklebust Longvastøl er utdanna lærar og journalist. Han har i ei årrekkje arbeidd som journalist i Firda, men også vore lærar, vore innom NRK og budd og arbeidd i Sør-Afrika. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO