Gå videre til innhold
Forfattarens skriftstader

Pressemelding -

Forfattarens skriftstader

Kva skjedde med kjøkkenet i Henrik Ibsens barndomsheim i Skien? Korleis blei Arne Garborgs skrivestove på Jæren ein minnestad? Kvifor blei det inga forsoning i Grimstad då byen skulle vere med og feire hundreårsjubileet for Knut Hamsun? Og kva skjer når Hans Børlis skrivestader blir minnestader?

Desse og mange andre spørsmål får sine svar i antologien Forfattarens skriftstader, den første norske boka om museum som minnepolitiske institusjonar. Antologien er redigert av Ottar Grepstad og blei lansert på Det nasjonale museumsmøtet i Mosjøen tysdag.

Boka er skriven av forskarar ved seks litterære museum og spring ut av prosjektet «Museum som minnepolitiske institusjonar». Bidraga tek for seg fleie sider ved litterære museum som minnepolitiske aktørar, og analysane og forteljingane gir ei djupare forståing av musea si samfunnsrolle. Dei avdekkjer ukjende sider ved litterær minnepolitikk gjennom 150 år og skriv musea inn i norsk litteraturhistorie.

Ottar Grepstad (f. 1953) har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999, hovudredaktør for nettleksikonet Allkunne frå 2007, kulturkommentator i Dagens Næringsliv frå 2008 og styreleiar i Språkrådet frå 2010. Grepstad var redaktør i Syn og Segn 1984–1988 og forlagsredaktør, redaksjonssjef og assisterande forlagssjef i Det Norske Samlaget 1980–1994. Han har skrive eller redigert meir enn tjue bøker. Grepstad har lenge vore ein av landets mest markante nynorskbrukarar. Han vart tildelt Norsk språkpris 1999 for boka Det litterære skattkammer.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO