Gå videre til innhold
​Frå Nordkapp i nord til Mandal i sør – 200 skular påmelde til lesedøgn!

Pressemelding -

​Frå Nordkapp i nord til Mandal i sør – 200 skular påmelde til lesedøgn!

- Vi er svært godt nøgde med responsen, og gler oss stort til det som blir vårens villaste leseeventyr, seier prosjektleiar Guro Kvalnes.

Under fana Nynorsk lesefest har forlaget invitert inn 1.–4. klasse i grunnskulane til eit nasjonalt digitalt lesedøgn 25. april. Døgnet vil bli avvikla i skuletida, og elevane får nytte den digitale lesetenesta Lesemeister.no til å lese nynorsk litteratur ein heil skuledag.

Lesedøgnet er del av markeringa av 150 års jubileet til Det Norske Samlaget og er kome i stand med støtte frå Kunnskapsdepartementet. 

Det er påmeldt heile 200 skular med 10.000 elevar med geografisk spreiing frå Nordkapp i nord til Mandal i sør.

Ambisjonen med det digitale nynorske lesedøgnet er å setje søkjelys på nynorsk barne- og ungdomslitteratur, held Kvalnes fram. 

- Som forlag ønskjer vi å vere tilstades der barn- og unge er, og såleis er det naudsynt at vi heng med på det digitale. Vi er stolte over det som lesemeister.no har fått til med sin plattform, og gler oss til å teste teknologien i stor skala dette døgnet, seier Kvalnes. 

Lesedøgnet vil ta form som ein konkurranse mellom dei påmelde skulane. Sjølve konkurransen vil gå føre seg mellom 9.00 og 16.00 den aktuelle dagen. Via Lesemeister.no kan vi hente ut statistikk på kor mange sider og bøker kvar skule les, og dei tre beste skulane får premie. I tillegg trekkjer vi ut heldige vinnarar blant dei påmelde skulane.

Lesemeister.no: er ei interaktiv leseplattform som inneheld over 100 bøker på nynorsk frå ulike forlag. Der kan ein finne lesestoff tilpassa sitt lesenivå, lese sjølv, bli lesen for eller spele inn eiga ”lydbok”. Etter at elevane har lese ferdig ei bok, kan dei teste kva dei fekk med seg ved å ta ein tilhøyrande quiz. Alle skulane som melder seg på til lesedøgnet, får fri tilgang til lesetenesta under oppkøyring og avviklinga av døgnet. Ein loggar seg på Lesemeister.no via Feide. Det Norske Samlaget har vore med i utviklinga av plattformen. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO