Gå videre til innhold
"Fugleguten" av Rune Belsvik nominert til Brage-prisen

Pressemelding -

"Fugleguten" av Rune Belsvik nominert til Brage-prisen

Rune Belsvik er nominert til Brageprisen i klassen for barne- og ungdomslitteratur med boka Fugleguten. Boka er illustrert av Sigbjørn Lilleeng.I juryens grunngiving står det mellom anna: 

"Fugleguten er ei sår og gripande forteljing om eit barns forsøk på å kontrollere eigne kjensler og handlingar, og om å søke samhald. Illustrasjonane til Sigbjørn Lilleeng kler Belsviks minimalistiske formspråk og gir ein romleg dimensjon til opplevingane av utanforskap og emosjonell distanse på ein måte som er tru mot barneperspektivet."

Rune Belsvik (f. 1956) debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han fekk Noregs mållags pris for. For bøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartements litteraturpris. I 2000 fekk han Brageprisen for beste ungdomsbok.


Frå bokmeldingar av Fugleguten:

«Eg gler meg til å lese denne boka for barnebarn. Det er ei klok forteljing. Og eg trur ho er viktig. Belsvik er ikkje så forsiktig når han fortel for barn. Han kan bruke sterke ord og sterke bilete. Språket er liketil, enkelt og korthogd. Det er så fint å lese ei bok for barn som også gjer inntrykk på den vaksne. Lilleengs illustrasjonar gir boka det lille ekstra.»
Emil Otto Syversen, Fædrelandsvennen

Terning 5«Det unike med «Fugleguten» er hvilket nærvær Rune Belsvik skaper ved å ta oss med inn i Lukas. Han skriver så jeg blir sju-åtte år igjen: «No blir han kanskje redd snart. Kva skal han gjera då». Hvert kapittel er en hverdagsepisode som speiler livets mest eksistensielt sårbare periode. Det handler om den tiden da du begynner å innse at du bare har deg selv å stole på: «[H]an kan finna på noko forferdeleg gale. Plutseleg finn han berre på det. Og så gjer han det. Noko fælt som ikkje er lov i det heile tatt.»
Guri Fjeldberg, Bergens Tidende

«Det er noen år siden Rune Belsvik sist kom med en barnebok. Jammen bra han er tilbake! (...) Alt dette vanskelige kan synes mindre vanskelig, det beskriver Belsvik så naturlig (...)»
Anne Cathrine Straume, NRK

«Å vente på ei ny barnebok av Rune Belsvik er som å vente på regn over molda om våren. Endeleg kan ein få drikke seg utørst i det reine, friske språket som sildrar og renn over sidene som kjeldevatn.»
Janne Karin Støylen, Dag og Tid

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO