Skip to main content

"Fugletribunalet" av Agnes Ravatn kjem ut i Danmark

Pressemelding   •   feb 16, 2016 11:36 CET

Agnes Ravatns gjennombrotsroman frå 2013, Fugletribunalet, er selt til det danske forlaget Batzer og co som frå før gir ut m.a. Jon Fosse, Tomas Espedal og Ingvild Rishøi. Fugletribunalet vert denne våren lansert i den engelske marknaden og har også kome ut på russisk, tysk, serbisk og litauisk. Nylig vart det også selt filmopsjon på boka, til Hummelfilm AS. 

"Fugletribunalet" fekk strålande meldingar då ho kom ut. Ravatn fekk P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen for boka. Boka sel framleis svært bra og har eit opplag på 30 000. "Fugletribunalet" er også dramatisert og går for fulle hus på Det Norske Teatret


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar