Gå videre til innhold
Gaute M. Sortland aktuell med "Korte meisterverk"

Pressemelding -

Gaute M. Sortland aktuell med "Korte meisterverk"

Gaute M. Sortlands nye kortprosasamling handlar om livstrøytte norsklektorar, oppussing og ei pedagogisk førebuing på døden. Om den umoglege oppgåva å skrive dikt, livsglede, ei ekteseng full av steinar, og innrøykte litteratar. Små søner, varme sommardagar, tvil, tru og brå erkjenningar. I Korte meisterverk får vi servert både meir klassiske noveller og stramme korttekstar.

Boka har lanseringsdato 12. Oktober. 

Gaute M. Sortland (f. 1980) kjem frå Haugesund. Han debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Sortland har mastergrad i nordisk litteraturvitskap og bur i Oslo.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO