Gå videre til innhold
Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling om det såre og fine i å skilja seg ut

Pressemelding -

Gaute M. Sortland aktuell med ny novellesamling om det såre og fine i å skilja seg ut

Du er ikkje normal er ei novellesamling som handlar om det å stå på utkanten av det som skjer. Tekstane er humoristiske og leikne, men rommar ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn.

I novellesamlinga møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Vi møter òg personar som på andre måtar står i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans eige liv.

Dei prøver alle å finne ut av ting, og spreller litt når livet dreg dei med seg i uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje.

Gaute M. Sortland (f. 1980) debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009, og er kjend som songar og musikar i Bergen Mandolinband. Sortland har motteke mange gode meldingar for tidlegare bøker. Han bur i Haugesund. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO