Gå videre til innhold
Generasjonsrop frå Danmark; fire sentrale, danske poetar på norsk

Pressemelding -

Generasjonsrop frå Danmark; fire sentrale, danske poetar på norsk

No kjem fire av dei fremste unge, danske poetane i norsk gjendiktning. 11. januar lanserer Samlaget bøkene til Asta Olivia Nordenhof, Amalie SmithOlga Ravn og Theis Ørntoft. 2.2. kjem forfattarane til Noreg og blir introdusert av Vigdis Hjorth på Litteraturhuset i Oslo. 

[...]

og tru meg når eg seier

eg skal røykast ut av vekstideologien

ja eg skal røykast ut av vekstideologien

eg skal sjå partia rotere som kreftceller

om min seksårsdag før eg handlar

eg skal sjå dei spreie oska mi

ut over alle biologiske morsmål før eg handlar

eg skal sjå dei trekke eit fiskegarn fullt av havfruer

opp av morgonurinen min

kvar skal ein gå med sin kjærleik

[...]

Theis Ørntofts Dikt 2014 blei i Danmark straks omtalt som eit meisterverk og eit generasjonsrop. Saman med Asta Olivia Nordenhof, Amalie Smith og Olga Ravn har han blitt utpeikt som ein av dei fremste forfattarane i sin generasjon, i media omtalt som «generasjon etikk». Kvar forfattar har si distinkte stemme og si særeigne estetiske tilnærming. Temaet kan variere frå å handle om kropp, kjønn og oppvekst til ein stat i forfall eller eit Europa i krise, men alle føyer seg inn i ein felles samtale, der omsorga for kvarandre står sentralt, i ein lengt etter ein ny fellesskap med meir tiltru og større likeverd og menneskeverd.

Theis Ørntoft "Dikt 2014" er gjendikta av Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese.

Meir om Ørntofts bok: http://samlaget.no/collections/theis-orntoft/products/dikt-2014

Olga Ravn "Eg et meg sjølv som lyng" er gjendikta av Inger Bråtveit

Meir om Ravns bok: http://samlaget.no/products/eg-et-meg-sjolv-som-lyng

Asta Olivia Nordenhof "Det enkle og det einsame" er gjendikta av Anna Kleiva

Meir om Nordenhofs bok: http://samlaget.no/products/det-enkle-og-det-einsame

Amalie Smith "I sivil" er gjendikta av Siw-Anita Kirketeig

Meir om Smiths bok: http://samlaget.no/products/i-sivil

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO