Gå videre til innhold
Gunnar Grytås aktuell med "Malmtunge spor - Historia om Ofotbanen"

Pressemelding -

Gunnar Grytås aktuell med "Malmtunge spor - Historia om Ofotbanen"

Meir enn ei jernbanehistorie

For over 140 år sidan blei det avgjort at det skulle byggjast jernbane frå kyst til kyst mellom Nord-Sverige og Nord-Noreg. Den 475 kilometer lange linja blei bygd med eitt føremål: å frakte jernmalm kortaste vegen frå gruvene i Norrbotten til ei isfri hamn i Narvik. På 115 år har kring 1130 millionar tonn malm blitt frakta med Ofotbanen, eit ufatteleg stort kvantum.

Historia om Ofotbanen er ei uvanleg spennande industrihistorie frå ein arktisk utkant av verda. Det handlar om gruvedriftselskapet LKAB, om byane langs linja, Narvik og Kiruna, og om bana som bind alt saman. Ofotbanen har til skiftande tider, men heile tida langs same sporet, vore avgjerande for utviklinga på Nordkalotten. Utan ei jernbane ville samfunna, arbeidslivet, politikken og kulturen vore annleis. Frå historia om bana, «bolaget» og byane går det mange sidespor til andre delar av svensk, norsk og europeisk historie.

Boka har lanseringsdato 18.oktober og det blir lanseringsarrangement oppe i Narvik, hjå Narviksenteret 18.30: https://narviksenteret.no/event/gunnar-grytas-malmtunge-spor/

Gunnar Grytås (f. 1949) er forfattar og journalist og har mellom anna arbeidd i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, blant anna historia til Noregs Råfisklag frå 2013. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie. I 2014 gav Grytås ut den kritikarroste boka Kvotebaronar. Privat rikdom – utarma fiskevær.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO